Søndagsskule i 2021


Ute-søndagsskule 21.februar på Ikornnes

 

Vi bytter på å vere både ute og inne med søndagsskulen i år. Forrige søndag var vi ute, og prøvde å ake på snøen bak Sørestranda skule, og vart både våte og litt kalde. No på søndag blir det inne i kyrkjekjellaren i Sykkylven kyrkje kl. 11.00. Barna skal få møtast som normalt, og vi følgjer sjølvsagt aktuelle smittevernsreglar med god hygiene og registrering av frammøtte. 

Tykk gjerne her for å finne gruppa "Søndagsskulen i Sykkylven" på facebook, og bli medlem. Der får du info om kva som skjer, og kvar du kan ta med barnet ditt på søndagsskule. Facebook-gruppa er for både Ikornnes søndagsskule og Sykkylven søndagsskule. No som det er åpent for 100 personar i kyrkja, følger vi mest mulig samme tidspunkt som gudstenesta, i kyrkjekjellaren. 

Tilbake