Bibelen - ei gåve frå kyrkja


Barn og ungdom i Sykkylven får Bibelen 

 

Barn og ungdom opptil 18 år får Bibelen som ei gåve frå kyrkjene i Sykkylven. Bibelen blir gitt frå borna er 5. klassingar, og er viktig å ha i konfirmant-undervisninga. Etter ungdomsskulen og fram til ein blir 18 år, kan ungdommane få kjøpe Bibelen til subsidiert pris, 200 kr.

Å ha sin eigen Bibel er ein viktig for å lære om den kristne trua, og det er fast Bibel-utdeling for 5. klassingar. Ein treng ikkje vere medlem i Den norske kyrkja for å få ein Bibel. Kyrkja har alltid Biblar tilgjengeleg på kyrkjekontoret, så om du har gått glipp av utdeling kan barnet eller føresette komme innom og få ein.

Det blir gitt ein Bibel pr person, og vi gir ut Standardbibelen med Den Norske Bibelselskapet si 2011-oversetting på nynorsk. Om du har spørsmål, så ta kontakt på telefon eller e-post til kyrkja. 

 

Tilbake