Bilrebus søndag 11. april


Bilrebus søndag 11. april


Bibel til 5. klasse. Oppstart ved Sykkylven Kyrkje.

På søndag er det klart for bilrebus for 5. klassingar. Bilrebusen blir arrangert utandørs med 8 postar som er plassert rundt omkring i bygda, utgangspunktet og slutten er nede ved Sykkylven kyrkje. Tiltaket er istaden for utdeling av biblar på ei gudsteneste, som pr no ikkje er mulig å få til pga smitteverns-tiltak. I juni i fjor var første gong Sykkylven og Ikornnes kyrkje hadde bilrebus knytt til utdeling av bibel, og deltakarane synes det var veldig kjekt :-) :-)  

Det er berre å møte opp på passande tidspunkt ein gong mellom 12 og 16, det er fleksibel oppstart så ein kan unngå kø. Alle 5. klassingar i bygda som har mulighet og lyst kan få vere med, det er berre å komme til inngangen til kyrkjekjellaren med ein tilgjengelig sjåfør med bil på søndag. Kanskje de tek med litt snacks og drikkeflaske, og tek ein liten pause undervegs i rebusen? På startposten vil det vere folk som kan forklare litt meir korleis de skal finne fram på rebusen. Eit tips for å svare på spørsmål er å bruke nettsida til bibelen.no

Sjå videoen vi har laga- her får du enkel info og du kan sjå premien: 

   

Tilbake