Gudsteneste 18. april


Velkomen til gudsteneste i Sykkylven kyrkje kl.11:00

 

Gudsteneste 3.søndag i påsketida. Vi får igjen lov til å vere 100 personar i kyrkja, med tilviste plassar, og no vil vi saman fylle kyrkja med lovsong! Lovsongsgruppa ved Helene Baade Kampenes leier lovsong framme ved flygelet. Ein soprankvartett frå Velledalskoret, leia av Savindri Perera, leier lovsong frå galleriet, saman med kantor Rose Iren Stave og trompetist Per Grønli. Soprankvartetten vil også synge Pie Jesu av Lloyd Webber. Tor Severin Erstad vil også denne søndagen streame gudstenesta via You Tube. Vi feirar nattverd, og under nattverden viser han bilde frå kyrkja. Har du teke fotografi av fine detaljar i kyrkja vår, kan du sende det til han, so viser han det gjerne.

Tid: 18.04 kl. 11:00
Sted: Sykkylven
Kyrkjetenar: Arild Sporsheim, Steinar Klokk
Kyrkjevert: Normann Olav Fauske
Organist: Rose Iren Stave
Prest: Simen Elias Nordbrønd Myklebust
Tekstlesar: Torbjørn Støylen
Første lesetekst: Esek 34,23-31
Andre lesetekst: Hebr 13,20-21
Prekentekst: Joh 10,1-10
Dag i kirkeåret: 3. søndag i påsketiden
Offer til: Bibelselskapet

Sjå gudstenesta direkte her: 

 

Tilbake