Saman som kyrkje i heile verda


Sykkylven kyrkjelyd er med på aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda»

 

Frå Kristi Himmelfart til Jonsok 13.05. til 24.06. set vi ekstra fokus på, ber for og samlar inn pengar til misjonsavtalen vår. 

Aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» oppstod i 2020 som en solidaritetsaksjon i forbindelse med Covid 19. Nettopp i den tøffe korona-situasjonen verda framleis står midt opp i er det viktig å vise praktisk omsorg og solidaritet. 

Ettervirkningane etter korona-pandemien vil forfølge oss lenge. Nokre land har opplevd enormt mange dødsfall. For dei fattigaste land i verda er situasjonen aller verst. Som i alle kriser er det dei mest sårbare som lid mest. Kvinner. Barn. Familiar. For første gang på mange år er det ei markant auke i antal menneske som lever i ekstrem fattigdom. No er det endå fleire som strevar med å ha nok mat på bordet og å kunne kjøpe nødvendige medisin. No er det endå fleire barn som ikkje kan gå på skule. 

Saman kan vi forandre verda. Når så mykje anna stengast ned og er umulig, er dette ei unik mulighet. I aksjonsperioden vil vi arrangere ulike ting for å samle inn pengar: Onsdagsmiddag, handarbeidsaksjon, aktivitetsdag, gudsteneste med offer til misjonsprosjektet, og eigen Spleis: 

SPLEIS 

Her finn du Sykkylven kyrkje sin spleis til Thailand:  Spleis

 

Velkommen til å være med å skape mer himmel på jorda - saman med den verdsvide kyrkje!

 

SYKKYLVEN THAILAND

Info : https://nms.no/wp-content/uploads/2021/03/PDF-Thailand.pdf

Video : https://vimeo.com/533878321

 

Thailand - sammen som kirke from NMS on Vimeo.

 

 

IKORNNES MIDTØSTEN

Info : https://nms.no/wp-content/uploads/2021/03/PDF-Midtosten.pdf

Video  https://vimeo.com/543119277

SPLEIS  https://www.spleis.no/sammen

Tilbake