2. pinsedag var det gudsteneste på Hovdåsen


Takk til Erlend og Sigurd, for ord og tonar!

 

Hovdåsen kan seiast å være den toppen i Sykkylven kommune kor ein får aller mest igjen for innsatsen. For det er i grunn ikkje så veldig mange høgdemeter ein må gå for å kome seg opp på denne høgda kor ein har ei utsikt som nesten ikkje er til å tru.

Værvarselet hadde ikkje vore så lovande nokre dagar i førevegen, fortalte Erlend Lunde, soknepresten på Ikornnes. Så når dagen kom, og været vart så godt, så måtte han innom kyrkja for å trykke opp fleire gudstenesteark. Dermed vart det nok med ark til dei mange frammøtte.

Som tonefylgje, og pre- og postludium, hadde Erlend med seg Sigurd Johan Saure på saksofon. Lyden frå saksofonen bar svært godt der opp på Hovdåsen og etter postludiet fekk han ein stor applaus for dei vakre tonane han hadde formidla.

Av songar sang vi:
Måne og sol - T: 1973 Britt G. Hallqvist, O: Til bokmål 1974, 1977 Arve Brunvoll , M 1974 Egil Hovland.
Som vinden stryk om mine kinn - T: 1992 Anne-Ruth Jangaard, O: 1992 Øystein Wang. 
Lær meg å kjenne dine veie – T. 1902 Jakob Paulli, M Norsk folketone (Åseral).
Kjærlighet er lysets kilde – T 1853 N.F.S. Grundtvig, M 1862 Ludvig M. Lindeman.

Preiketeksta var frå Johannes 6,44-47:
44 Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hos profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Far og lærer av han, kjem til meg. 46 Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far.
    47 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv. 

 

Pinsa handlar om at den heilage ande kom over disipplane til Jesus. Han hadde reist opp til sin far, men sa at disipplane ikkje skulle bli igjen som foreldrelause barn. Og no er det vi som har tatt over disipplane sin plass i trua på Jesus. 

Den heilage ande er sendt oss/gitt oss for å være vegvisar og skape tru. Ein vegvisar gjer at ein føler seg trygg og at ein veit kor ein skal gå. Ingen kan koma til Gud utan å verte dregen av Han. Og den som trur skal ha evig liv. Det er ingen krav om at vi skal slite og svette for å kunne nå målet om frelse. Vår egen frelse gir Gud oss for trua. 

Gud elskar oss, den enkelte, og slik Han elskar oss skal også vi elske kvarandre. Det er ikkje alltid lett, men då kan vi be til Gud om at Han ved Den heilage ande må gi oss mot og frimod til å være vitner for Han både gjennom handling og ord. 


 

Erlend peika på flagget og viste til symbolikken ved den raude fargen som kjærleikens farge. Det er godt å kunne samlast i pinsa, og spesielt her oppe på Hovdåsen kjennes det ekstra trygt med tanke på smittevernet, fortalte Erlend.

 

Bilder og tekst av Arild Sporsheim

Tilbake