NY!! Konfirmant 2021/2022?


NY!! Konfirmant 2021/2022?


Vil du vere konfirmant til hausten?

Kjære konfirmant m/føresette

INNBYDING TIL KONFIRMASJONSTID 2021/2022

Kyrkjelydane i Ikornnes og Sykkylven ønskjer velkomen til konfirmantåret 2021/2022. 
På baksida står litt generell informasjon om konfirmasjonen. Her er nokre praktiske opplysningar:

Konfirmantopplegget
Konfirmasjonstida startar i løpet av oktober med presentasjonsgudstenester i begge kyrkjene, og endar i mai 2022. Presentasjonsgudstenestene vert annonsert seinare.
Opplegget blir i år omtrent som det var i fjor:  
1.    Vi brukar å starte med weekend på fjellet, men på grunn av gjennomføring av konfirmasjonar i september og oppstart av konfirmantåret i oktober, blir leiren utsett til vinter/vårhalvåret 2022. Meir informasjon kjem når dato er klart.
2.    Vi har 4 konfirmantlaurdagar der det er undervisning/grupper/aktivitetar, to på hausten og to på våren. Korleis laurdagane i haust vert gjennomført veit vi ikkje enda, men vi held dykk oppdatert med tanke på datoar m.m. Dei to siste konfirmantlaurdagane blir våren 2022.
3.    Konfirmantane skal i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta delta på 6 gudstenester, desse må vere gjennomført før påske. Det er tre gudstenester i regi av kyrkja; presentasjonsgudsteneste, fasteaksjonsgudsteneste og ei der konfirmanten deltek med ulike oppgåver. På dei tre andre bestemmer dei sjølv når dei vil gå, men dei må hugse å fylle ut ein lapp som dei får signert av presten og legg den i ei krukke som står i kyrkjerommet. Det er eit bevis på at dei var der.
4.    Konfirmantane kan truleg velje mellom to ulike opplegg. Enten så følgjer ein det vanlege opplegget med nett-oppgåver, eller så kan ein velje å vere KRIK-konfirmant.* Nettoppgåvene har 10 ulike tema med oppgåver/spørsmål og desse må vere gjennomført før påske. 
Alle samlingar er obligatoriske, og det er berre sjukdom og heilt særskilte grunnar som skal til for å få gyldig fråvær til ei slik samling. Det er moglegheiter for at endringar kan skje i konfirmantopplegget – men det vil de få beskjed om.

*KRIK-konfirmant
Kvart år gjennomfører konfirmantane oppgåver på internett – «Nettkonfirmant» frå Sjømannskyrkja, i tillegg til leir, gudstenester og konfirmantlaurdagar. Men det vil truleg vere mogleg å velje mellom to ulike opplegg. Enten så følgjer ein det vanlege opplegget med nett-oppgåver, elles så kan ein velje å vere KRIK-konfirmant. KRIK står for Kristen Idrettskontakt og KRIK´s sentrale visjon er å skape idrettsglede, trusglede og livsglede. KRIK Sykkylven deler denne visjonen, men har også fokus på at KRIK-samlingane skal være kjekke og at alle opplever meistring gjennom leik og aktivitetar. Som KRIK-konfirmant blir ein med på samlingar i lag, både før og etter jul. På KRIK er det mange ulike aktivitetar/leikar; stikkball, Fun-Battle, capture the flag, volleyball, innebandy, boksen går og mange fleir. I løpet av KRIK-samlinga er det ei samling med andakt/ord frå Bibelen. I KRIK Sykkylven har vi som mål at alle skal kjenne seg velkomne, og ein må ikkje vere idrettsutøvar for å kunne vere med. KRIK-konfirmantar skal vere med på 10 samlinger, og samlingane er på laurdagar frå kl.16:00-18:00. Det vert laga ein terminplan for kvart halvår. 

PS: Sjølv om ein ikkje vel KRIK-konfrimant, er ein velkomen til å være med på KRIK-samlingane. Det er opent for alle ungdommane i bygda.

Konfirmasjonsdatoar til våren er: 
Ikornnes kyrkje: laurdag 7. mai kl. 13:15 og søndag 15. mai kl. 11:00.
Sykkylven kyrkje: laurdag 7. mai kl. 11:00, søndag 8. mai kl. 11:00,
laurdag 14. mai kl. 11:00.

Vi ønskjer at alle skal sjå, sitte og høyre godt på konfirmasjonsgudstenestane, difor vil vi sette begrensing på talet på konfirmantar på kvar av gudstenestene. Når ei gudsteneste er fullbooka, vil den forsvinne frå påmeldings-sida på internett, så dersom dato/klokkeslett ikkje er der, er det fordi den har blitt fullbooka. Vi ber elles om at de i størst mogleg grad prøver å ringe i kontortida måndag - fredag 10.00-14.00, 
tlf. 70 24 69 00 for informasjon/spørsmål om konfirmantåret.
     
Påmelding
På heimesida vår, www.sykkylven.kyrkja.no vil de frå og med torsdag 10. juni kl. 18.00 finne påmeldingsskjema (under fana PÅMELDINGAR) som du sender inn elektronisk. Hugs å fylle ut så nøyaktig som mulig, og ha gjerne eit bilete av konfirmanten klart for å laste opp, for når vi har bilete av konfirmantane er det lettare å bli kjent. Du blir også spurt om å fylle inn fødselsnummeret til konfirmanten. Nesten all informasjon til foreldre kjem til å skje via e-post og SMS, så det er viktig at de fyller ut rette e-post-adresser og mobilnummer om de har det. Om du ikkje har internett og kan fylle ut skjemaet der, så ta kontakt med kyrkjekontoret, så kan vi hjelpe. Påmelding startar altså torsdag 10. juni kl. 18.00, og frist for påmelding er fredag 13. august. 

Sykkylven 02. juni 2021

Helsing    

Erlend Lunde, Simen Nordbrønd Myklebust og Katrine Numme    

--------------------------------------------------------------


Informasjon om konfirmasjon – Sykkylven og Ikornnes kyrkjelydar

Kven kan ta del?
Konfirmasjonen er ei oppfølging av dåpen. Konfirmasjonsåret vil gi opplæring i kva det vil seie å vere og leva som ein kristen. Sjølv om konfirmasjonen er oppfølging av dåpen, er også den som ikkje er døypt velkomen til å ta del i både undervisning og samlingar. Den som ynskjer å fullføre konfirmasjonen må vere døypt. Du treng ikkje ta stilling til eventuell dåp før mot slutten av konfirmantåret. Ta gjerne kontakt dersom du lurer på noko.

Deltaking
Konfirmantåret er frivillig. Tenk over kva du vil med året. Samtal gjerne med foreldra dine eller kontakt oss for ein prat. Vi ynskjer at utbyttet skal verte det beste for alle. Difor bed vi deg forplikte deg til å ta del i opplegget med ei positiv innstilling. Ved å fylle ut påmeldingsskjemaet så forpliktar du deg til det. Dersom konfirmanten ikkje skulle halde sin del av avtalen, kan i verste fall konfirmasjon bli foreslått utsett. Føresette forpliktar seg også med dette å stille ein gong i løpet av konfirmanttida, som kjøkenmedarbeidar, ryddehjelp, nattevakt m.m. Her vert ein sett opp på liste som vert utsendt seinare. 

Behov for hjelpelærar?
Kyrkja har i utgangspunktet ikkje ekstra lærarar å sette inn. Men det er viktig for oss at du får den hjelpa du treng i konfirmasjonstida. Ta kontakt med ein av prestane om de vil ta ein nærmare prat om dette.

Personlege opplysningar
Alle personlege opplysningar som du gir oss ved påmelding er underlagt teieplikt frå vår side. Dette gjeld sjølvsagt også tilleggsopplysningar som de vel å gi munnleg, t.d. fast bruk av medisin, lese- og skrivevanskar, ADHD, særskilte forhold i familien som kan påverke konfirmanten, eller andre tilhøve som den ansvarlege for konfirmanttida bør kjenne til. Vi ynskjer at konfirmanttida skal vere best mogleg for den enkelte konfirmant, og det er lettare for oss å legge til rette dersom vi får slike opplysningar så tidleg som mogleg.

Loddbøker
I infobrevet som de vil få etter påmelding (vi sender det ut rett etter sommarferien) vil de få loddhefter som konfirmantane skal selje. Dette er ein del av kyrkjemessa og kyrkjelyden si innsamling til barne- og ungdomsarbeidet. Sidan konfirmantopplegget er ein del av dette barne- og ungdomsarbeidet, er det naturleg at konfirmantane er med på denne dugnaden. 

Utgifter
Pris for konfirmantopplegget er kr 1760,- Faktura vert tilsendt etter påmelding. Dette er med på å dekke lønsutgifter, utgifter til konfirmantleir, mat, undervisningsmateriell, vask av kapper og utgifter i samanheng med aktivitetsgruppene. Vi ønskjer ikkje at nokon skal la vere å konfirmere seg grunna vanskar med økonomien. Viss dette er eit problem, så ta kontakt med oss slik at vi saman kan finne ei løysing.

Helsing 

Erlend Lunde, Simen Nordbrønd Myklebust og Katrine Numme
 

Tilbake