Babysang


Babysang i kjellaren i Sykkylven kyrkje kvar torsdag kl.11. Kyrkja er open frå ca kl.10 til 12.30.

 

Det er vanleg på torsdagar å sjå slike flotte under i kyrkjekjellaren i Sykkylven kyrkje. På babysang lærer borna mange fine songar og regler, og foreldra får ein møteplass som gir mulighet for å bli kjend med andre i bygda. Kanskje også dele kvardagsgleder og -sorger, gi og få små tips og oppmuntringar. Vi tek med nistemat, og koker kaffe/te på kjøkkenet i kyrkja.

Tilbodet er gratis og uformelt, og Babysang blir for tida leia av frivillige foreldre. Babysang er likevel ein del av Sykkylven Barnekor, som er med i Ung Kyrkjesong Møre-Nidaros. Barnet får medlemskap der for kr.55 pr halvår, VIPPS nr.690514 Bli gjerne med i facebook-gruppa "For oss i foreldrepermisjon i Sykkylven" for oppdatert informasjon. Alle babyar med mor/far/foresatte er hjarteleg velkomne på babysang!

Siste samling før jul 2021 er 16.desember. Då blir det juleavslutning med gratis salat og julegodt. Velkomne!

 

At ungane likar å sjå kvarandre, og få kos, dans og sang av foreldra ser vi ofte. I fleire år har Babysang Sykkylven brukt songar frå Bom Chika Bom som er Frelsesarmeen si CD-innspeling for babysang. Berre prøv sjølv om du har eit lite barn, med den kjente regla Bom Chicka Bom, og gå mot speilet..: https://youtu.be/kwzfymilJmI

Elles er såpebobler utrulig fasinerande! Med ny såpeboblemaskin går det så det susar. 

 

Tilbake