Babysang 2021


Har du sett noko så fint?

 

Det er vanleg mandagar å sjå slike flotte under i kyrkjekjellaren i Sykkylven kyrkje. For tida er det ekstra kjekt å få lov til å møtast, og det er mange positive ting med babysang: borna lærer mange fine songar og regler, og foreldra får ein møteplass der det er muligheit til å dele kvardags-gleder og sorger.

 

At ungane likar å sjå kvarandre, og få kos, dans og sang av foreldra ser vi ofte. I fleire år har Babysang Sykkylven brukt songar frå Bom Chika Bom som er Frelsesarmeen si CD-innspeling for babysang. Berre prøv sjølv om du har eit lite barn, med den kjente regla Bom Chicka Bom, og gå mot speilet..: https://youtu.be/kwzfymilJmI

Elles er såpebobler utrulig fasinerande! Med ny såpeboblemaskin går det så det susar- også denne våren. 

 

Tilbake