Foreldre/barn treff i kyrkja


Foreldre/barn treff i Sykkylven kyrkje torsdagar kl.12.00 - 14.00 oppe i kyrkjesal 1. Vi byr på kaffi og te; lunsjmat tek du med sjølv. Viss vi har lyst, tek vi ei sangstund (babysang), og det kan variere om stunda vert leia av nokon frå kyrkja eller foreldra sjølve. Tilbodet er gratis. 
Velkomne til ei sangstund og til å treffe andre småbarnsforeldre! 

Babysang er ein del av Sykkylven Barnekor, som er med i Ung Kyrkjesong Møre-Nidaros. Barnet får medlemskap der for kr.55 pr halvår, VIPPS nr.690514

Barnekoret Super er for born frå 3-4-årsalder. Dei øver i Sykkylven kyrkjestove annankvar onsdag kl.17.15.

Bli gjerne med i facebook-gruppa "For oss i foreldrepermisjon i Sykkylven" for oppdatert informasjon. Alle babyar med mor/far/foresatte er hjarteleg velkomne på Babysang og på Foreldre-barn-treff!

Av og til har vi Babysang på BUAS, i Jettegryta kafè, og syng barnesongane saman med dei gamle. Dette er svært populært, både for oss og for dei.

Hovudleiar for Babysang Sykkylven er kantor Rose Iren Stave, tlf 91510045.

Borna likar å sjå kvarandre. I fleire år har Babysang Sykkylven brukt songar frå Bom Chika Bom som er Frelsesarmeen si CD-innspeling for babysang. Berre prøv sjølv om du har eit lite barn, med den kjente regla Bom Chicka Bom, og gå mot spegelen..: https://youtu.be/kwzfymilJmI

Såpebobler er også fasinerande.

 

Tilbake