Onsdagsmiddag med grillavslutning


Fint ver, og god mat - til ein god sak

 

På onsdagsmiddag si grillavslutning i slutten av mai, samlast vi til utandørs grilling og fellesskap. Det var så kjekt å vere saman igjen, og så flott ver vi hadde! Mange hadde etterspurt tilbodet om Onsdagsmiddag under nedstenging og smittehensyn, så med god planlegging og gjennomføring ved NMS-foreininga og Madagaskarane samt styret i Onsdagsmiddag, gjekk det knirkefritt. 

Vi hadde også tombola under arrangementet, og fekk inn 4000 kr til misjonsprosjektet vårt i Thailand, der vi gjennom samarbeid med lokal kirke, er med å forebygge menneskehandel. Lovsangshjemmet og Nådehjemmet er fortsatt i drift, og dei treng ekstra støtte i denne tida. 

Vil du vere med å støtte? Pengane vi får inn er eit viktig bidra i aksjonen Saman som kyrkje i heile verda. Du kan støtte gjennom Vipps 

 

Til slutt fekk vi sang ved ei gruppe frå Barnekoret Super, med dirigent Natalia Albornoz Leknes. God sommar frå Onsdagsmiddag!

 

 

 

 

 

Tilbake