Kortur til Selja


Helga 25.-27. juni 2021

 

Vi var ein gjeng på 7 stk frå Sykkylven som var med «Budapestkoret» til Selje.


Framfor St.Sunniva-statua på Selje.


Budapestkoret er eit regionskor for organisasjonen Ung Kirkesang. Koret er satt saman av ungdommar frå mange forskjellige kor. Annakvart år har koret reist til Budapest. Pga pandemien vart det annleis i år, og vi møttest istaden på Stad hotell. Laurdag tok vi båt ut til øya Selja og fekk lære om historia om St.Sunniva. Vi sang i Sunniva-grotta, og hadde korøving ute i klosterruinane. Laurdag kveld heldt vi konsert i Ervik kyrkje.
Søndag sang vi i gudstenesta i den vakre kyrkja på Nordfjordeid.

Legenda fortel at Sunniva var ei kristen, irsk prinsesse som måtte flykte frå ein vond konge. Saman med fleire vennar, blei ho båtflyktning og rak i land på øya Selja. Der budde ho og vennane i ei grotte. Denne grotta er i dag vigsla til kyrkje, og det blir feira både bryllaup, dåp og gudstenester der. Då Norge seinare fekk ei kristen kyrkje i heile landet, vart landet delt i tre bispesete: Oslo, Nidaros og Selje. 
Ein av dei som har laga musikk til legenda om St.Sunniva, er komponist Odd Johan Overøye frå Stordal. Saman med tekstforfattar Eyvind Skeie har han laga eit syngespel for barnekor, ungdomskor, gutekor og profesjonelle songarar og musikarar. Med musikk, sang, dans og dramatisering, blir historia om St.Sunniva fortalt. Syngespelet er framført mange gongar rundtom i landet, og mange hugsar nok sist vi gjorde det i Sykkylven, i 2015. Då spelte Stine Hole Ulla den unge prinsesse Sunniva. 


Sunniva og Anna Myklebust på veg opp til St.Sunniva-grotta på Selja – Kopi

Ved korset på Dragseidet. Det smilande fjeset til høgre, tilhøyrer Anne Konstanse Solbjør.


No vil vi igjen invitere born og unge frå 4.klasse og oppover til å bli med i koret. Rett etter sommarferien startar vi øvingar i Sykkylven kyrkjekvar torsdag. Konserten blir første helga i oktober i Molde domkyrkje. Då kjem songarar frå heile landet, og vi blir eit stort kor. Odd Johan Overøye kjem sjølv frå Trondheim for å spele piano og leie orkesteret, og datra hans, Kristin Overøye, spelar prinsesse Sunniva. 
Dette blir ei unik oppleving vi kan gle oss til! Det er berre å setje av torsdagskveldane i september til å bli med i dette prosjektkoret, så kjem meir informasjon etter sommarferien.
Vi ynskjer alle ein god sommar!

Rose Iren Stave, kantor og dirigent
 

Tilbake