Oppstart torsdag 26. august i Sykkylven kyrkje, kyrkjekjellaren.
Øving i Sykkylven kyrkjekjellar kl.17.30 – 18.30
torsdag 26. august, og kvar torsdag i september.
Framføring i Molde 1.-3.oktober.
I Sykkylven kyrkje startar vi opp hausten med eit prosjektkor for ungdom og born frå 4.klassetrinn og oppover. Første øving blir torsdag 26.august, og vi øver kvar torsdag i september. Første helga i oktober reiser vi til Molde domkyrkje og held konsert saman med mange andre frå heile landet. Saman skal vi framføre eit spennande og vakkert syngespel om St.Sunniva frå Selja, som komponist Odd Johan Overøye frå Stordal har skrive. Sist vi framførte det her i Sykkylven var i 2015, då med Stine Hole Ulla som solist.
Syngespelet er skrive for ungdomskor, gutekor, barnekor, profesjonelle solistar og musikarar. Det blir kulisser, dramatisering av historia om St.Sunniva, irsk dans og glede. Vi får orkester til, med fiolin, bass, gitar, klarinett, blikkfløyte, piano og orgel. Vi som var med Budapestkoret (bildet) til Selje i juni, fekk ei god innføring i historia om St.Sunniva, og vi starta innøvinga av songane.
Det er ei stor oppleving å få vere med å framføre dette syngespelet. Alle som har lyst, og er klare for å lære mange fine songar, er velkomne til å møte på første øving torsdag.
Rose Iren Stave, dirigent.

«Budapestkoret» på tur til Selja i juni. Her framfor Nordfjordeid kyrkje.