Ny medarbeidar


Guro Bjørnevik har takka ja til stillinga som trusopplæringskoordinator.

 

Guro er 41 år og busett i Sykkylven.
Vi ønskjer henne hjarteleg velkomen til å sette sitt preg i det vidare arbeidet med å koordinere, støtte og bidra i kyrkjene sitt trusopplæringsarbeid for barn og unge i Sykkylven-Ikornnes. Eksakt oppstartsdato og avvikling av oppseiingstid hjå annan arbeidsgjevar er ikkje avklart enda. 


-------

Som mange veit slutta både Trusopplærar, Anna Myklebust, og ungdomsarbeidar, Katrine Numme, no i sommar. Begge hadde då arbeidd i og for kyrkjene i Sykkylven-Ikornnes i 5 år og nye utfordringar stod for tur.
Stor takk til deira innsats, og lykke til med nytt arbeid! :-)

Etter vurderingar i økonomiutvalet og behandlingar i sokneråda vart desse to stillingane, på til saman 1,8 årsverk, omgjort til å utlyse ei 100% stilling med ansvar for 0-18 år. I tillegg er kontorsekretærstillinga utvida med 0,15 årsverk som administrativ støttefunksjon i trusopplæringsarbeidet.

Vi ser fram til eit nytt semester og minner om at vi som kyrkje ønskjer å legge til rette for engasjement; inkludering, involvering, ansvarleggjering... Ja, få oppleve å være ønskja, heia på, få ansvar og mandat; saman er vi kyrkja i Sykkylven-Ikornnes, i Kristus.

På vegne av Guds rikes arbeid i bygda spør vi difor frimodige om det er noko du kan tenke deg å hjelpe til med, eller starte opp med? Eller kanskje du kan tenke deg å slutte med noko for så bli med i, eller starte opp med, noko anna? I så fall er dette noko både tilsette og sokneråd vil støtte deg i og med. Ikkje vær redd for å ta ein uforpliktande prat med Elise på kyrkjekontoret, eller med ein av oss andre i sokneråd eller stab. :-)

Guds fred!

Tilbake