Konfirmantlaurdag


2. oktober var det første konfirmantlaurdag for våre nye konfirmantar.

 

 

Vi starta med ei felles samling i Ikornnes kyrkje, der dei fekk bli litt betre kjent med ulike element innan kyrkja sin liturgi. Deretter vart det undervist gruppevis om ulike tema. Lunsjen blei så inntatt i kyrkjekjellaren, og dei fleste syntest å vere fornøgde med at det var hamburgarar som stod på menyen.
Etter lunsj spreidde konfirmantane seg rundt om på ulike aktivitetar. Vi håpar og trur at dei fleste hadde ein fin dag på si første samling.

Tusen takk til foreldre og frivillige smiley

 


På bildet ser vi Dani Hemmingsen Lonebu som nettopp har kome ned frå høgda. Kristoffer Vegsundvåg Hjellen stilte som stødig og oppmuntrande sikrar.

 

Skrive av Guro Lovise Bjørnevik

Tilbake