Barne- og ungdomskortreff i Molde


1.-3. oktober i Molde domkyrkje.

 


I haust har «Prosjektkor St.Sunniva» øvd i Sykkylven kyrkje fram mot helga 1.-3.oktober. Då heldt Ung Kyrkjesong kortreff i Molde domkyrkje. Ca.140 songarar frå 14 kor, frå Trøndelag i nord til Kristiansand i sør, møttest til ei sangoppleving vi seint vil gløyme. Saman framførte vi syngespelet om St.Sunniva: «Må korsets tre slå rot» av Eyvind Skeie og Odd Johan Overøye. Komponisten sjølv spelte flygel og leia orkesteret. Overøye kjem frå Stordal og arbeider i Trondheim som musiker, komponist og lærar i komposisjonsfag. Han har skrive alt frå nydelege salmetonar til store orkesterverk. Syngespelet om St.Sunniva er vel noko av det vakraste han har skrive. Her set han saman barnekor, ungdomskor, guttekor, profesjonelle solistar og musikarar på ein måte som gjer at alle meistrar si oppgåve, og alle får gjere sitt beste. Syngespelet er først skrive år 2000, og vi framførde det i Sykkylven i 2008 og 2015. I 2019 fekk det 4 ekstra satsar m.a. eit dansande arrangement av den kjende irske salmen Deg å få skode. 

St Sunniva var ei kristen, Irsk prinsesse som flykta i båt frå ein vond konge. Båten kom i land på øya Selja, og ho og fylgjet hennar vart slik nokre av dei første som brakte den kristne trua til Norge. Den som spelte St.Sunniva denne helga, var sjølvaste datra til komponisten: Kristin Lundemo Overøye. Ho er utdanna både innan song og skodespel, og gjorde ein glitrande jobb! Saman med nokre av borna dansa ho til og med irsk reel ned midtgangen i den fullsette Molde domkyrkje. Mot slutten av historia kjem den gode kongen, St.Olav, inn og syng ei fin vise om St.Sunniva og «Kvite-Krist», som Jesus Kristus vart kalla den tida. Då denne solisten var blitt sjuk, steppa Jakob Lunde frå Ikornnes inn i rolla. Det meistra han framifrå!


Bilde 1: Jakob Lunde i rolla som Heilag-Olav.

 


Bilde 2: Tre av Sykkylvingane som var med: frå venstre,
Eva Marie Johnsen, Anniken Tandstad Hjorthol og Hanne Setsaas.



Bilde 3: Songarar og musikarar i Molde domkyrkje.


Regissør og forteljar i stykket var Katinka Møller frå Spjelkavik, og dirigent for heile oppsetjinga var domorganist Tone Synnøve Øygard Steinkopf. Domkyrkja var fylt denne søndagen, og takksemda til publikum var overstrøymande. Klangen av 80 nydelege barnestemmer, saman med mange ungdommar og nokre vaksne, var rett og slett «himmelsk». Ei stor takk til Scola Cantorum Molde og Ung Kyrkjesong, som tok på seg arbeidet med dette store arrangementet! Stor takk til songarane og musikarane som gav publikum denne store musikkopplevinga! Og ikkje minst: stor takk til Odd Johan Overøye, som skriv så vakker musikk!


Bilde 4: Komponist Odd Johan Overøye og solist Kristin Overøye saman med nokre av korsongarane.



Bilde 5: Konsert i domkyrkja vår.

 

 

Rose Iren Stave, kantor i Sykkylven

Tilbake