Fullt hus på Fredagsklubben!


Fredag 5. nov møttes over 200 5.-7. klassinger frå heile bygda på Fredagsklubben.

Utrulig kjekt at så mange tok turen denne kvelden! Sjølv om det gjerne blir litt høglytt med så mange barn samla, var det fole kjekt å sjå at alle kosa seg. Det vart litt køer på dei ulike aktivitetane, men ingen sure miner. På aktivitetrommet rullerte barna mellom playstation, bordtennis, biljard og airhockey. Dei 6 chrome-maskinene i rommet ved siden fekk også kjørt seg denne kvelden. Barna såg ut til å kose seg med å kunne spele og snakke med vennane sine samtidig. (Desse spela er sjølvsagt tilrettelagt alder og ikkje-voldelige).

I kyrkjestova var det også fullt av glade og aktive barn. Nokre satt ved det kreative bordet og tegna medan andre spelte brettspell. Skyting med luftgevær i gangen inn mot bomberommet var også populært, og mange traff godt på blinken. Ellers var det nok kjekt for mange det å berre kunne henge med venna og tøyse og tulle litt. I pausen åt vi pølser med brød, fekk høre litt om kva reglar vi har å forholde oss til på Fredagsklubben av Roy Pettersen, samt løyst ein emoji-quiz om bibelforteljingar laga av underteikna.

Tusen takk til alle dei frivillige som stilte denne kvelden! Utan dokke hadde det ikkje gått. Så håper vi på gjentagelse av denne kjekke kvelden på neste Fredagsklubb, 3. desember!

Helsing, Guro Lovise Bjørnevik

Foto av Therese Utgård Aas

Tilbake