I regi av soknerådet og kommunen.
Det var omlag 80 seniorar som deltok på seniordagen (31.10.2021) i Sykkylven kyrkje. Dagen starta med gudsteneste kl. 11:00 med påfølgande middag og program i kyrkjestova.
Arrangementet var i regi av Ikornnes sokneråd, Sykkylven sokneråd og Sykkylven kommune v/ordførar Odd Jostein Drontninghaug.
Gudstenesta vart leia av vikarprest Gunnar Torset og organist Tor Einar Steinsvik. Credo brass deltok med vakre tonar i gudstenesta.
Seniorfesten vart leia av May Lisbeth Hovlid Aurdal, soknerådsleiaren i Sykkylven sokneråd. Med seg hadde ho 11 soknerådshjelparar (nokon med følge) som laga til, serverte og rydda opp. Ordføraren deltok på arrangementet og kom også med ei helsing til seniorane. Credo vokal deltok med song, og til å koke middagen hadde vi Ivar Johansen.
Alle foto: Anita Øvergård
Tekst: Arild Sporsheim