Informasjon om festeavgift


Nyttig informasjon til deg som er festar av grav(er).

Foto: Hallvard Sandvik


Det er dobbel djupne på alle gravene ved gravplassen i Sykkylven - Sykkylven kyrkjegard. Det betyr at det er 2 kistehøgder; A-nivå og B-nivå. Fredningstida på 20 år (Gravplasslova §8) blir dermed ikkje brutt om ein tek i bruk same grav på B-nivå (øverst) før den tid. 


Ved bruk av ei ny tilvist grav (tilvist av gravplassmyndigheita), som ikkje er festa/reservert frå før, er det ein friperiode på 20 år kor ein ikkje betalar festeavgift (Gravplassforskriften §16). Etter 20 år gis festaren anledning til å feste grava, og dermed betale ei festeavgift for 5 og 5 år. 


Ein kan feste/reservere ei nabograv i samband med gravlegging, eller i samaband med ei allereie festa grav, men ikkje elles. Festeperioden er 5 år og i år 2020 var prisen kr. 895,- (årleg justering for KPI).


Ved bruk av ei grav som er festa/reservert frå før vert ikkje festeavtalen stoppa eller sett på pause. Dermed er det ikkje ei friperiode når det er festaren (og dermed ikkje gravplassmyndigheita) som bestemmer kor den avdøde skal gravleggast. 


Gravsted med fleire graver har ofte eit felles gravminne som er sentrert på vanlegvis 2 eller 3 graver som er festa saman til ein felles gravstad/familegravstad. Det er ulike variantar på dette, men felles for alle er at ein betaler festeavgift pr. grav, og ikkje pr. gravminne. Det er altså sjølve plassen/grava(ene) som er opptatt ein betalar for. Nedanfor er det nokre eksemplar som viser dette:






Det kan berre være ein juridisk festar pr. grav, og informasjonen om kven som er festar er teiepliktig, og dermed ikkje noko gravplassmyndigheita kan gi opplysningar om ved spørsmål om dette. Dersom ein person ønskjer å kome i kontakt med festaren av ei grav kan vi altså berre tilby å vidareformidle dette til den aktuelle festaren slik at vedkomande festar sjølv kan ta kontakt den som ønskjer kontakt.

Ved endringar, bruk/gjenbruk, sletting er det berre festaren sjølv som skriftleg kan godkjenne dette. Om andre, som for eksempel ektefelle/barn etc. skriver under så vil ikkje det være grunnlag nok for gravplassmyndigheita til å iverksette dette.



Ved spørsmål er det berre å ta kontakt.

 

 

Tilbake