Kyrkjene i Sykkylven inviterer til gåtur
annakvar onsdag kl. 11.00
Datoar for tur våren 2022:
16. februar, 2. mars, 16. mars, 30. mars, 13. april, 27. april, 11. mai, 25. mai, 8. juni og 22. juni.
Turen passar for alle som liker å gå tur, menn og kvinner.
Turmålet vert bestemt ved oppmøte.
Etter turen møtes alle til felles kyrkjekaffe med heimebaka bollar i kyrkjekjellaren. Når veret tillet det, nyt vi maten ute.
Ynskjer du å vere i eit turfelleskap og ha det kjekt ilag, så er dette noko for deg!
Turen vert avslutta med eit ord for dagen.
Send ein sms med TUR + navn til 93 06 63 97, eller ring diakon Kristin dersom du ynskjer ein uforpliktande sms med påminning.
Ta gjerne med deg ein ven og bli med!
Hjarteleg velkommen!
Program
Kl. 11.00 Oppmøte utanfor Sykkylven kyrkje.
Ca. kl. 11.05 Turen startar.
Ca. kl. 12.30 Matpause. Det blir servert kaffe og bolle i kyrkjekjelleren. Du kan også ta med deg matpakke om du ynskjer.
Ca. kl. 13. 00 Avslutning med ord for dagen.
TRYKK HER FOR BROSJYRA