Gravplassforvaltninga er regulert av eit tredelt regelverk: Gravplasslova, Gravplassforskrifta og Forskrift om gravplassvedtekter, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal.
Sykkylven kyrkjelege fellesråd er den lokale gravplassmyndigheita i Sykkylven kommune og har ansvaret for anlegg, drift og forvaltning av gravplassen. Dagleg leiar/kyrkjeverje er ansvarleg for den daglege drifta av gravplassen. Gravferdsansvaret omfatter alle innbyggjarane i Sykkylven kommune, uavhengig av tru- og livssyn. Avdøde personar som ved dødsfallet hadde bopel i kommunen har rett til fri grav på Sykkylven kyrkjegard. Dersom det gis løyve til gravlegging av avdøde personar med bopel utanfor kommunen blir det krevd dekking av kostnadane (Prisliste) ved gravferda og avgift som ved feste av grav (jf. Gravplassloven §6). Utgifter til anlegg, drift og forvaltning av gravplasser utredes av kommunen etter budsjettforslag fra fellesrådet (jf. Gravplassloven §3).
Søknadsskjema for godkjenning av gravminner