Erlend Lunde skal bli døveprest


Avskjedsgudsteneste i Ikornnes kyrkje søndag 6. mars 2022 kl.11.00

 

Etter 18 års teneste som ungdomsprest og sokneprest i Sykkylven og Ikornnes, blir det no nye utfordringar for Erlend. Ja, det er ei ganske så stor utfordring at han har takka ja til å verte døveprest. Erlend er vel og merke både god til å gestikulere og han har god mimikk, men teiknspråk må han lære seg. Etter ei tid med opplæring i døvespråk, tiltrer han i stillinga som døveprest i Døves menighet Ålesund.


SATT SPOR ETTER SEG

Erlend har satt mange gode spor etter seg i Sykkylven og på Ikornnes. Vi er mange som er svært glade for å  ha hatt han her i så mange år! Med sin store omsorg, kreative humor, ekte varme og alltid med levande aktuelle bilde har han formidla evangeliet til born, ungdom og vaksne. Å samarbeide med Erlend er trygt og lærerikt. Saman med han kjenner ein seg verdifull. Han er aldri redd for å arbeide, enten det gjeld å lage kyrkjemiddag, vaske opp eller å forrette nattverd, å administrere konfirmantlaurdag, "Lysvåken" eller bispevisitas. Alt gjer han like sjølvsagt og samvitsfullt. Mange har vore glade for å ha han som prest i bryllaup, dåp eller gravferd. Erlend er unik. Heldigvis skal han og familien fortsatt bu i huset sitt på Ikornnes og vere ein del av bygda vår.

AVSKJEDSGUDSTENESTE

Alle som vil ta avskjed med Erlend som sokneprest, er velkomne til kyrkjedagane i Ikornnes til helga. Fredag med konsert kl.19 og gryterett etterpå. Laurdag kl.13 med loddsal, graut og kaffekaker. Søndag er sjølve avskjedgudstenesta kl.11, med mykje song og musikk, og med tale ved Erlend.
 

Tilbake